Dersom du har søkt vidaregåande skule til hausten kan du ha nytte av denne informasjonen.
Svar på tilbod om plass
I juli får du melding på SMS om førsteinntaket og må logge inn i Vigo.no for å svare. Husk å svare ja innan svarfrist.
Viktige datoar for inntak og svarfrist kan du finne i inntakskalenderen.
Berbar datamaskin
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan bruke ein pc du har frå før, eller kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.
Du kan laste ned programvare når du blir elev hos oss.
Første skoledag
Første skuledag etter ferien er torsdag 15. august på Sandsli vgs. Det kjem informasjon på nettsida om tid for frammøte.
Skulerute for skuleåret 2024-25 for Sandsli vgs kan du finne her
Lånekassen
Du kan søke Lånekassen om stipend og lån til vidaregåande opplæring. Informasjon for deg under 21 år utan studie- eller yrkeskompetanse.
Skuleskyss i vidaregåande opplæring
Her finn du informasjon om kva du har rett på og korleis du søker: Skuleskyss for elevar i vidaregåande skule.