Hopp til hovedinnhold

Fakta om skulen

Skolebygget til Sandsli vgs

Sandsli videregående skole ligg i Ytrebygda bydel, mellom bybanestoppa Sandslivegen og Sandslimarka.

Sandsli vgs er ein vidaregåande skule med til saman over 700 elevar og tilsette. Elevane våre kjem frå fleire ulike ungdomsskular, og dette gir skulen eit variert og spanande elevmiljø.

Sandsli er ein eineståande arena for yrkesfagleg utdanning og studieførebuande utdanning. Her finn du den største avdelinga i fylket for restaurant- og matfag og ei stor avdeling for studiespesialisering med eit breitt og variert fagtilbod i språk, samfunnsfag og økonomiske fag, i tillegg til realfag.

Plasseringa til skulen i teknologiklynga på Sandsli/Kokstad ligg til rette for at utdanninga til skulen er framtidsretta og møter morgondagens kompetansebehov.

Alle tilsette er opptatt av at skulen skal vera ein god og trygg stad å vera, og at du får dei beste føresetnadane for trivsel og fagleg utvikling. Hos oss vil du bli møtt med klåre forventningar om eigen og andre sin læring. Nærværet ditt bidreg til fellesskapet, og du er ein viktig ressurs for skulen.

Vi er alle opptatt av at du skal få realisera planane dine. Fagleg dyktige og engasjerte tilsette er opptatt av kvalitet i undervisninga anten det er på restaurant- og matfag, på studiespesialiserande eller i samarbeid på tvers av utdanningsprogramma. Vi er her for at du skal få dei beste føresetnadene for å gå vidare og gjera kvalifiserte framtidsval.