Skolehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.
Helsesjukepleiar
Wenche er til stades på skulen på måndag, tysdag og onsdag kl. 08.15 - 15.00.
Wenche Haukanes
HelsesjukepleiarHelsesjukepleiar
Kirlin er tilstades på skulen onsdag, torsdag og fredag i partalsveker kl. 09:00 - 15.00.
Kirlin Bodin
HelsesjukepleiarKontoret til helsesjukepleiarane finn du i 1. etasje, inn gangen på høgre side i resepsjonen. Du kan bestille deg time ved å sende melding til 94500712 eller 40803982. Hugs å skrive namnet ditt. Du kan også berre komme innom og sjå om det helsesjukepleiar er ledig.
Kva kan du ta opp?
Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:
- bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
- hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
- vanlege plager hos ungdom
- vanskar med å sove
- eteforstyrringar
- vanskelege tankar
- rus
- prevensjon og seksualitet, til dømes resept på prevensjonsmiddel
Lege eller psykolog?
Helsesjukepleiarane samarbeider også med lege og psykolog, og kan skaffe deg time der.
Psykolog Cecilie Stensland er tilstades på skulen tysdag, onsdag og torsdag, men du treng tilvising gjennom elevtenesta.
Psykolog Ingrid Sundseth Johansen har kontor på Nesttun, i kommunehuset hos Barne- og familiehjelpen. Hennes telefonnummer er 40811143.