Hopp til hovedinnhold

Kantina

Elev og lærer i kantine

I kantina på skulen vår kan du velje mellom mykje sunn og god mat. Kantina er open alle skuledagar mellom klokka 08.00 og 13.00.

Du finn kantina i 1. etasje. Her har vi også godt med sitteplassar i lyse og trivelege lokale.

Meny

Det er skulen som driv kantina, og elevare på Restaurant- og matfag som lagar maten. Her kan du kjøpe alt frå varme middagsrettar og påsmurte rundstykke til yoghurt, mjølk og varm drikke til ein rimeleg pris. Med mat i magen får du energi til å yte ditt beste heile skuledagen!

Betaling

Du må betale med kort, vi tek ikkje kontantar.

Frokost med elever.JPG

Gratis skulefrukost

Du får gratis skulefrukost i kantina tysdag, onsdag og torsdag mellom 9:00 og 9:15. Her får du brødmat, havregraut, frukt og jus.