Hopp til hovedinnhold

Elevtenesta

Båt og kano i Øygarden

Vi har som formål å skape eit godt elevmiljø her på skulen. Då meiner vi at vi også vil få eit godt læringsmiljø. Vi tar på alvor den nye ”arbeidsmiljøloven” for elevar, det vil seie at vi prøver å få eit best mogleg fysisk og sosialt miljø på Sandsli videregående skole.

Koordinator for elevtenesta

Beate Anita Kirkebirkeland syter for godt elevdemokrati og skulemiljø. Ho har også ansvar for førebyggjande tiltak, samarbeid med OT/PPT, politiet og russen på skulen.

Beate Anita Kirkebirkeland

undervisningsstilling
Beate Kirkebirkeland.jpg
Studspes.jpg

Rådgjevarane våre

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.

Leksehjelp

På onsdagar klokka mellom 14:20 og 16:00 kan du få leksehjelp på skulen i kantine- og kaffibar-området. Ulike lærarar vil vere til stades og kan hjelpe deg med fag du synes er litt vanskelege.

Biblioteket

På biblioteket kan du få hjelp til å finne bøker eller berre sitte og lese. Skulen har eit godt utval av aviser og blad.

Les meir om biblioteket vårt

IKT-hjelp

På IKT-kontoret i 2. etasje kan du også få hjelp til dataproblem. Berre bank på døra, så hjelper dei hyggjelege IKT-konsulentane deg.