Rådgjevarane våre

Rådgivarane kan snakke med deg om alt som gjeld skulen, enten det er faglege spørsmål, personlege vanskar eller forhold til andre elevar.

Katrine Løland har rådgivaransvar for Studieførebuande (ST), og er også leiar for skulen sitt ressursteam. Ho følgjer opp elevar på særinntaket og elevar med spesialundervising, i samarbeid med Anne Veim Haugland. Du kan snakke med Katrine på telefonnummer 92819988.

Katrine Løland

Katrine Løland

undervisningsstilling

Anne Veim Haugland er rådgivar med ansvar for alle elevar på programområdet for Restaurant- og matfag (RM) og for elevar i tilrettelagt gruppe. Ho kan nåast på telefonnummer 94053036.

Anne er også med i skulen sitt ressursteam, og følgjer opp elevar på særinntaket og elevar med spesialundervising i samarbeid med Katrine.

Anne Veim Haugland

Anne Lorrain Veim Haugland

undervisningsstilling

Rådgivar:

  • har teieplikt, altså plikt til å halde opplysningar hemmeleg
  • kan setje deg i kontakt med Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for vidaregåande skule, helsetenester, NAV og andre instansar som kan vere nødvendige
  • gir informasjon om val av programfag til Vg2 og Vg3
  • gir info om utvekslingsår i utlandet og om andre skular
  • orienterer om vidare utdanning etter vidaregåande skule, og arrangerer informasjonsmøte med universitet og høgskular
  • tek imot dokumentasjon om du treng spesiell tilrettelegging til heildagsprøvar og eksamen