Hopp til hovedinnhold

Restaurant- og matfag

Blåskjell

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Du som vel restaurant- og matfag får god kunnskap om tillaging av mat, smak, estetikk, ernæring, råvarer, hygiene og økonomi. Service, kundebehandling og kunnskap om internasjonal mat og drikke er også ein viktig del av utdanninga. Norske fagarbeidarar innan restaurant- og matfag er ettertrakta i utlandet.

Vg1 Restaurant- og matfag er felles for alle. I Vg2 kan du velje mellom:

  • Kokk- og servitørfag, med yrkesfagleg fordjuping innan faga kokk, ernæringskokk, ferskvarehandler eller servitør.
  • Bakar- og konditorfag, med yrkesfagleg fordjuping innan bakar eller konditor.

FØRSTE ÅRET

Vg1 Restaurant- og matfag

Vi startar skuleåret med to dagar fellestur til Skjergardsheimen i Øygarden for å bli kjende med kvarandre.
Skulen tilbyr relevant praksisundervising der elevane får eit godt grunnlag innan yrkesfaga kokk-, servitør-, bakar- og konditorfaget.

Yrkesfagleg fordjuping – YFF

I yrkesfagleg fordjuping får elevane relevant praksis i dei yrkesfaga vi tilbyr. Første året førebur vi eleven på å velje studieretning for andre året. Vi er på ekskursjon til ulike bedrifter og deltar på faglege arrangement som karakteriserer dei ulike yrka.

ANDRE ÅRET

Vg2 Kokk- og servitørfaget

Skulen førebur elevane fagleg og sosialt til å bli lærling innan kokk, ernæringskokk, ferskvarehandler eller servitør.

Vg2 Bakar- og konditorfag

Skulen førebur elevane fagleg og sosialt til å bli lærling innan bakar- eller konditorfaget.

Yrkesfagleg fordjuping - YFF

I yrkesfagleg fordjuping (YFF) blir elevane utplassert i bedrift gjennom skuleåret. Skulen ønskjer å førebu eleven til å meistre arbeidslivet innan dei ulike fagområda. YFF på skulen og i bedrift er med å utvikle elevane sine ferdigheiter og gir grunnlag for å bli gode og trygge fagarbeidarar.

Vegen vidare

Etter 2 år i skule kan du søkje læreplass i godkjende verksemder. Du kan også velje å ta påbygg for å få generell studiekompetanse, også etter at du har fått fagbrev.

Generell studiekompetanse gir moglegheit for opptak til dei fleste studium ved høgskular og universitet.