Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Bøker i bokhylle

På biblioteket kan du låne bøker (både i papirformat og digitalt), lese blad og aviser, gjere lekser eller arbeide med prosjekt. Treng du meir arbeidsro, har vi grupperom ved sida av kaffibaren.

Du kan også få hjelp til å finne litteratur til prosjekt og oppgåver, og få rettleiing til god kjeldebruk.

Kom gjerne og spør!

Opningstider

Skulebiblioteket er alltid ope, men i desse tidene er det også betent:

  • Måndag kl. 12:00 - 14:10
  • Tirsdag kl. 09.15 - 13:00
  • Onsdag kl. 10:25 - 14:10
  • Torsdag: kl. 08.00 - 11:35

Lån og lånekontrakt

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt på vlfk.no. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker.

Viss du har lånekort eller lånekort på mobilen, kan du bruke den sjølvbetente utlånsmaskinen. Lærebøker kan du berre låne når biblioteket er betent.

Søk etter bøker i biblioteket vårt.

Bibliotekarane

Åse Heilund Midttun og Anita Skrede er bibliotekarane på Sandsli vgs. Dei kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna. Du kan sende e-post til biblioteket.san@vlfk.no.

Åse Heilund Midttun

undervisningsstilling

Anita Skrede

undervisningsstilling

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om ved å ta kontakt med bibliotekarane.

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar som er tilgjengelege for e-lån, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play. Lag ein brukar med e-postadresse og passord. Logg inn med lånenummer og pinkode frå Bergen offentlige bibliotek. Finn e-bøker, last ned og les.