Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.
Pb4 for vaksne
Du kan søke Pb4 dersom du har fullført og bestått fagutdanning med fagbrev. Dette gir generell studiekompetanse. Undervisninga blir gitt på skulen med fysiska frammøte 4 dagar i veka. Fagene du får på Pb4 er disse:
- Norsk
- Historie
- Matematikk (2P-Y)
- Naturfag
Opplæringa følger skuleruta og blir gitt ved fysisk frammøte på skulen tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Måndag er undervisningsfri.
Restaurant- og matfag
Vi tilbyr gratis vidaregåande opplæring innan restaurant- og matfag. Dersom du ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan du ha rett til vidaregande opplæring, studierettleiing og realkompetansevurdering. Opplæringa blir gitt i skule / bedrift med fysisk frammøte. Vaksenopplæringa følger skuleruta.
Søk opplæring
Les meir om vidaregåande utdanning for vaksne. Du kan søke via vigo.no. Bruk MinID for å logge inn:
Søk vidaregåande opplæring for vaksne
Er du vaksen og har lyst å utdanne deg til kokk eller ernæringskokk?
Frå skulestart i august startar vi med modulstrukturert opplæring for vaksne for deg som vil bli kokk eller ernæringskokk. Du får opplæring i fem moduler som du må fullføre og bestå. Deretter blir du meldt opp til fagprøve og kan ta fagbrev i lærefaget du vel, som kokk eller ernæringskokk.
Dei første vekene blir det opplæring på skole. Etter kvart blir opplæringa gitt 2 dagar på skole og 3 dagar i bedrift. Her får du oppfølging av faglærar.
Opplæringa er basert på fem modular som du må bestå. Fire av modulane har fokus på programfag. Ein modul inneheld norsk og samfunnskunnskap.
Opplæringa er fullført når alle modular er godkjende. Normert opplæringstid er to år.
Omlegginga til modulstrukturert opplæring for vaksne kjem som følge av endring i lovverk frå nasjonale styresmaktar. Ein ny opplæringsplan med konkrete oppgåver og krav som du skal meistre blir no utarbeidd frå Utdanningsdirektoratet (Udir). Du kan lese meir om modulbasert opplæring for vaksne på Udir sine sider.
Vil du snakke med rådgivar?
Ønskjer du å snakke med ein rådgivar om vaksenopplæring? Bestill time hos Rettleiingstenesta som ligg nærast der du bur.
Bestill time hos rådgivar i Bergen nord og sørBergen nord omfattar Alver kommune, Arna bydel, Austrheim kommune, Fedje kommune, Gulen kommune, Kvam kommune, Masfjorden kommune, Modalen kommune, Osterøy kommune, Samnanger kommune og Åsane bydel. Bergen sør omfattar Fana, Ytrebygda, Bjørnefjorden kommune og Austevoll kommune.
Bestill time hos rådgivar i Bergen-sentrum-vest
Bergen-sentrum-vest omfattar Bergen sentrum, Laksevåg, Fyllingsdalen, Olsvikåsen, Sotra og Askøy.
Søk vidaregåande opplæring for vaksne
Dersom du vil søke opplæring for vaksne kan søke via vigo.no. Bruk MinID for å logge inn:
Søk vidaregåande opplæring for vaksne
Vaksne kan søke om vidaregåande opplæring og realkompetansevurdering. På nettsida til Vestland fylkeskommune kan du lese meir om søknad og inntak.
Det er Vestland fylkeskommune som handsamer søknadar om vaksenopplæring.
