Hopp til hovedinnhold

Sal, service og reiseliv

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vg1, Sal, service og reiseliv

Sal, service og reiseliv er ein yrkesfagleg utdanning som opnar for mange spande yrkesval. Du lærer mellom anna om kommunikasjon og marknadsføring, kultur,  samhandling og forretningsdrift. Du får jobbe med faga både praktisk og teoretisk. I tillegg har du fellesfag som blir avslutta på Vg1. 

Ein dag i veka er sett av til utplassering i bedrift i faget yrkesfagleg fordjuping. Då kan du prøve deg i ein eller fleire bedrifter som er knytt til sal, reiseliv, kontor eller vekter-bransjen.

Programfaga på Vg1 er

  • Marknadsføring og kommunikasjon
  • Forretningsdrift
  • Kultur og samhandling
  • Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Fellesfaga er

  • Engelsk
  • Naturfag
  • Matematikk
  • Kroppsøving

 

På våren i Vg1 bestemmer du deg for kva programområde du vil søkja deg vidare på i Vg2. Du kan velja mellom

  • Sal og reiseliv
  • Service, tryggleik og administrasjon

 

Vg2 Salg og reiseliv

(Sandsli vgs har ikke Vg2 skuleåret 2023-24)

Sal og reiseliv handlar om om å utvikla kommersiell forståing gjennom forretningsdrift, marknadsføring, samarbeid og innovasjon. Du vil læra om å utforska arbeidsformer, teknologi og særtrekk frå reiselivs- og handelsnæringa. Faget skal bidra til å skapa gode reiselivs- og serviceopplevingar for ulike målgrupper. Du må kunna kartlegga kunden din/gjest og utvikla/tilby eit heilskapleg reiselivsprodukt tilpassa ønske og behov. Målet er å skapa arbeidsplassar som kan bidra til berekraftig utvikling og verdiskaping lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Du vil ha programfaga

  • Næring (forretningsdrift) og utvikling
  • Markedsføring og innovasjon
  • Kultur og kommunikasjon
  • Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Yrkesfaglig fordypning blir gjennomført ved at du har praksis i bedrift.

Vg2 Service, trygging og administrasjon

Service, trygging og administrasjon handlar om å yta og tilpassa service til ulike målgrupper. Du må kunna koordinera og administrera driftsoppgåver og førebygga og redusera uønskte hendingar og kriminelle handlingar. Du vil læra om korleis gi administrasjonstrygd i verksemder. Gjennom faga skal du utvikla evner i kommunikasjon og relasjonar, HR og HMS.

Du vil ha programfaga

  • Yrkesutøvelse og etik
  • kultur og kommunikasjon mellom menneske og i forhold til yrkesetikk og bedriftskultur
  • Administrasjon, service og tjenesteyting

Yrkesfaglig fordypning blir gjennomført ved at du har praksis i bedrift på vg2. 

Fellesfaga på Vg2 er

  • Norsk
  • Samfunnskunnskap
  • Kroppsøving

Vegen vidare

Sal, service og reiseliv er ein fireårig utdanning. Etter fullført vg2 kan du søke læreplass i eitt av fire yrker

  • Reiselivsmedarbeidar
  • Salsmedarbeidar
  • Service- og administrasjonsmedarbeidar
  • Vektar

Etter 2 år i lære kan du gå opp til fagprøven og få fagbrev i yrket ditt.

Vidare utdanning: Med fagbrev kan du ta høgare yrkesfaglig utdanning (Y-veien eller fagskule).

Du kan òg ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse direkte etter Vg2, eller etter å ha tatt fagbrev.

Med studiekompetanse har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskule eller universitet. Hugs at nokre studiar, t.d. ingeniør-, realfags- og medisinske studiar, krev at du har visse realfag.