Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Boller

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Yrkesfagleg grunnutdanning Restaurant- og matfag

Dette er eit praktisk utdanningstilbod for deg som lærer best gjennom praktisk arbeid og som ønskjer å oppnå ei grunnleggjande yrkesutdanning. Vi legg vekt på at eleven får utvikla yrkesfagleg kompetanse og sosial handlingskompetanse som kvalifiserer for arbeid i både det private og offentlege arbeidsliv.

Som elev ved Restaurant- og matfag deltar du i produksjonen til kantina på skulen. Produksjonen består av ulike rettar som rundstykke, bagettar, wraps, salatar og varm mat. To dagar i veka vil du også lage to-rettars varmlunsj, og ein dag i veka er du på bakeriet. Slik vil du få ein trygg og føreseieleg, men likevel variert skuleveke, i tillegg til at du får kompetanse innanfor fleire fagfelt.

Kvifor velje tilrettelagt opplæring hos oss?

Utdanningstilbodet er praktisk og arbeidsretta. Vi legg vekt på å utvikle yrkesfagleg kompetanse og sosial handlingskompetanse. Du vil få tett oppfølging av kompetente og erfarne pedagogar og assistentar. Skulen har velutrusta lokale og eit godt læringsmiljø. Vi er opptatt av at elevane våre skal trivast, og vi har eit varmt og inkluderande miljø der alle skal respektere og ta vare på kvarandre. Vi har fokus på at elevane skal oppleve tryggleik og meistring medan dei er på skulen og i det arbeidet dei gjer.

Alle som får plass på eit av våre tilrettelagde tilbod, vil følgje ein individuell opplæringsplan (IOP). Og vi legg opp til at elevane gradvis vil få meir og meir praksis ute i bedrift. Det er fokus på læring gjennom praksis, og store delar av skuledagen vil vere på kjøkenet. Det er også fokus på å praksisrette teoriundervisinga.

Målet er å gi elevane grunnkompetanse. Det blir lagt vekt på sosial læring og anna trening for framtidig arbeid.

Undervisning i fellesfaga

Matematikk 2,5 timar i veka, det første året
Naturfag 1,5 timar i veka, det andre året
Norsk 2 timar i veka, begge år
Engelsk 2 timar i veka, begge år
Kroppsøving 1,5 timar i veka, begge år

Karakter?

Elevar som har føresetnader og ønskje om karakter, kan få det i fellesfaga.