Hopp til hovedinnhold

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Gode kunnskapar i norsk språk og kultur er føresetnader for å lykkast i vidaregåande opplæring. Som elev i innføringsklasse lærar du norsk og får prøve ulike metodar og strategiar for å lære, og du lærer deg studieteknikk. Du kan gå eitt eller fleire år i innføringsklasse. Målet er at du skal bli klar for vg1 i vidaregåande skule. Har du nådd nivået B1+ i norsk vil du ha eit godt språkleg grunnlag.

Er du ny i Noreg rår vi deg til å søke innføringskurs. 

Kva er innføringskurs?

Innføringskurs er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram.

Innføringskurset varer i eitt skuleår og gir deg ei grundig innføring i norsk. Kurset kan du ta før du søkjer deg inn på Vg1 i vidaregåande skule.

Du får opplæring i norsk og dessutan andre fag som matematikk, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag og kroppsøving. Vi tilrår deg å velge innføringskurs dersom du nettopp har komme til Noreg.

På Sandsli vgs har vi fire innføringsklassar skuleåret 2023-24.

Her kan du lese meir om opplæring for minoritetspråklege elevar

Kan eg søke?

  • Du kan søke dersom du har fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande og kan dokumentere det.
  • Du kan søke frå det året du fyller 16 år.
  • Du må ha lovleg opphald i Noreg.

Korleis kan eg søke?

Du kan søke plass på internettsida vigo.no
Du må sende med kopi av opphaldsløyve.

Du må ha MinID eller annan identifikasjon for å søke. Der får du brukarnavn og passord.
Viss du har mista MinID kan du ringe 800 30 300 eller sende e-post til brukerstotte@difi.no for å få ny.

Har du ikkje MinID, kan du sende søknad direkte til Opplæringsavdelinga.

Her kan du lese mer om hvordan du kan søke innføringskurs i Vestland fylkeskommune.

NB! Søknadsfrist er 1. februar.