Hopp til hovedinnhold

Fråværsreglar

Her finn du informasjon om fråværsreglar, midlertidige unntak frå regelen og søknad om å få fjerne fråvære frå vitnemålet.

Fråværsreglar

Du har møteplikt til alle undervisningstimar. Er du likevel borte, kan vi skilje mellom dokumentert og udokumentert fråvære. Alt fråvære skal stå på vitnemålet, og det udokumenterrte tel også inn på fråværsgrensa.

For å få karakter i kvart fag, kan du ikkje ha meir enn 10 % udokumentert fråvære i kvart enkelt fag.

Kva kan du dokumentere?
  • Sjukdom
  • Tannlege, fysioterapi, psykolog og liknande
  • Velferdsgrunnar som bryllaup og gravferd, omsorg for eigne barn
  • Ulike verv som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid og liknande
  • Representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå (idrett og kultur)
  • Lovpålagt oppmøte, som vitne i rettsak, politiavhøyr og liknande
  • Heilagdagar for trussamfunn utanfor Den norske kyrkja
  • Obligatorisk trafikkopplæring (sikkerheitskurs på bane trinn 3, sikkerheitskurs på veg del 2 og 3 av trinn 4) + rimeleg reisetid til/frå
Kva gir ikkje fråvære?
  • Rådgjeving og PPT (rådgivar, helsesjukepleiar og liknande, på skulen)
  • Sjølvstendig studiearbeid godkjent av faglærar eller skulen
  • Elevrådsarbeid
  • Samtale med rektor eller faglærarar
  • Intervju til læreplass
Kva gir udokumentert fråvære?
  • Alt fråvære som ikkje er nemnt (til dømes skulk)
  • Køyreopplæring inkludert oppkøyring utanom det som er nemnt over
  • Bortvising frå undervising

Midlertidig unntak frå fråværsreglane skuleåret 21-22

På grunn av Covid-19-pandemien er det i skuleåret 21-22 gitt unntak fra krav om legedokumentasjon ved sjukdom. Er du over 18 år kan du sjølv dokumentere sjukdom. Er du under 18 år, må foreldre/føresette dokumentere for deg.

Fjerne inntil 10 dagar frå vitnemålet

Alt fråvære skal stå på vitnemålet og kompetansebeviset, både det dokumenterte og udokumenterte. Du kan søkje om å få fjerne inntil 10 heile dagar. Dette gjeld gravferd, kronisk sjukdom, verv, lovpålagt oppmøte, representasjon på arrangement og dokumenterte sjukedagar ifrå fjerde samanhengande sjukedag. Dette søkjer du om i VIS.

Meir informasjon?

Treng du meir informasjon, kan du lese om fråværsreglane på nettsiden til Utdanningsdirektoratet.

Fråværsreglane hos utdanningsdirektoratet