Hopp til hovedinnhold

Foreldremøte for Vg1 studiespesialiserande, restaurant- og matfag og sal, service og reiseliv

Denne hausten er det fleire foreldremøte på Sandsli vgs.

19. september (tysdag) ønskjer skulen velkommen til foreldremøte for Vg1 studiespesialiserende, restaurant- og matfag og sal, service og reiseliv. Møtet vil vere i kantina på skulen med start klokka 18.00. Det blir informasjon frå skuleleiinga og elevtenesta om fråværsreglar, søknad om fritak og tilrettelegging, Håpet-innsamling og eit trygt og godt skolemiljø.

7. november klokka 1800 blir det møte med faglærarar for elevar og føresette på vg1 studiespesialiserande. 

9. november klokka 1800 blir det møte med faglærarar og skuleleiinga for elevar og føresatte på Restaurant- og matfag (1rm og 2rm) og sal, service og reiseliv.