Hopp til hovedinnhold

Elevsamarbeid med Spania

I februar drog 12 elevar frå Sandsli vgs på besøk til ein skule i Sabadell i Spania, saman med lærarar. I mars vart det gjensyn med dei spanske elevane som kom på besøk til Sandsli og Bergen. Samarbeidet inngår i skulen si satsing på internasjonalt arbeid.

Begge besøka varte om lag ei veke og dei 12 elevane som deltok blei kjent med kvarandre både gjennom sosiale aktivitetar, skuleprosjekt og besøk til ulike stader i dei to landa. Mellom anna fekk dei utforske korleis dei kan bli gode medborgarar i eit demokratisk samfunn.

Parlament.jpeg

I Spania besøkte dei det katalanske parlamentet (bilete) og fekk prøve seg på ulike debatteknikkar. Under besøket i Bergen jobba dei med ulike demokratiske kanalar for påvirking og endring i eit demokratisk samfunn. Bruk av sosiale medium, streik og andre formar for aksjonering blei utforska. Ungdomspolitikarar som representerte elevorganisasjonen, samt partiet Rødt og Høgre fortelde om korleis det er å vere politikar.

På slutten av veka produserte elevane film med demokrati som tema.
Og sjølvsagt fekk dei spanske gjestene sjå byen vår! Fløien var eit sjølvsagt mål for utflukt. I tillegg vart det dagstur til Hardanger og Øystese, med obligatorisk besøk til Steinsdalsfossen (bilete).

Steinsdalsfossen 2.JPG

Samarbeidet er ein del av eit prosjekt om demokrati og medborgarskap, finansiert gjennom Erasmus+-programmet. Med i dette prosjektet er to akkrediterte skuler, Sandsli vgs og og IES Pau Vila i Sabadell, Spania.