Hopp til hovedinnhold

Tur til Øygarden for vg1

i veke 36 reiser elevar frå Vg1 på bli-kjent-tur til Øygarden.

Turen går til Skjergårdsheimen leirstad i Øygarden der elevane får oppleve ulike aktivitetar på sjø og på land. På kvelden blir det underhaldning og sosiale aktivitetar så alle blir godt kjente på turen. Fleire klassar dreg i lag og overnatter til dagen etter, og kontaktlærar blir med på turen. 

Alle vg1-klassane vil reise i løpet av veke 36 etter følgande plan:

  • Mandag 2. september : 1STA og 1RMB
  • Tirsdag 3. september : 1STB, 1RMA og 1RMD
  • Onsdag 4. september : 1STC, 1RMC og 1SRB 
  • Torsdag 5. september : 1STD, 1SRA og 1RME 

Buss frå Bystasjonen

Reisen startar og blir avslutta på Bystasjonen i Bergen. Elevar med ungdomskort reiser med rutebuss (med lærar), dei andre med turbuss (med lærar). 

Reis i turklær

Det er viktig at alle reiser i kler og skotøy som egner seg for tur. (Er det meldt regn, ta med regntøy! )
Pakk i sekk, og ha i tillegg med ein lien tursekk til matpakke, drikke og tøyskift. På dagtid blir det ulike aktivitetar på sjø og land. Kveldane blir brukt til underholdning og sosiale aktivitetar for å bli betre kjent.

Ta med egen redningsvest om du har. Dersom du ikke har kan du låne redningsvest på staden. 
Ingen får dra ut i båt/kano utan å ha på redningsvest.

Lunsj og middag

Alle får en baguett til lunsj i Øygarden, men sidan det ikkje blir middag før klokka 18.00, kan du gjerne ta  med ein matpakke i tillegg. Vi reiser tidleg. Om du ikkje et frukost før du drar- ta med ein skive som du kan spise på bussen! Gi beskjed til kontaktlæraren din dersom du har matallergi/intolerans vi må ta hensyn til.

Kontaktlærar informererer om turen og alle elevar får eit informasjonsskriv med heim.

Skulereglande gjeld og når vi er på tur.

God tur!