Har du behov for støtte og rettleiing i forhold til val av fag eller vidare utdanning, eller strevar du med skulearbeidet? Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar for ein samtale.
Rådgjevarane har teieplikt, og det vert ikkje ført timefråver for samtalar med rådgjevar.
Sandsli vgs. har to rådgjevarar. Det er Katrine Løland Mekki og Anne Veim Haugland.
Ta kontakt
Du treff rådgivarane i 1.etg ved elevtenesta kvar dag. Viss du vil avtale tid for ein samtale, send ei melding på e-post eller på its learning.
Rådgjevarane er også tilgjengeleg i Samtalekroken v/ kaffibaren tysdagar og torsdagar kl.11-12 (Drop-in).
Katrine Løland Mekki
Katrine Løland Mekki er rådgjevar for elevane på studieførebuande (ST), og leiar skulen sitt ressursteam. Ho følgjer opp elevar på særinntaket og elevar med behov for individuell tilrettelagt opplæring.
Ta kontakt på e-post eller tlf: 92819988 for å avtale.
Anne Veim Haugland
Anne Veim Haugland er rådgjevar for elevar på:
- Restaurant- og matfag
- Elevar i tilrettelagt gruppe
- Sal og reiseliv
- Innføringsklassar
- Påbygg
Anne er også med i skulen sitt ressursteam, og følgjer opp elevar på særinntaket og elevar med individuelt tilrettelagt opplæring.
Ta kontakt på e-post eller tlf. 94053036 for å avtale.
Rådgivar:
- har teieplikt, altså plikt til å halde opplysningar hemmeleg
- jobbar tett med klasseteam, elevkoordinatoren, skulehelsetenesta og OT/PPT
- kan setje deg i kontakt med Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for vidaregåande skule, oppfølgingstenesta (OT), helsetenester, NAV og andre instansar som kan vere nødvendige.
- gir informasjon om val av programfag til Vg2 og Vg3
- gir informasjon om utvekslingsår i utlandet og om andre skular
- orienterer om vidare utdanning etter vidaregåande skule, og arrangerer informasjonsmøte med universitet og høgskular
- tek imot dokumentasjon om du treng spesiell tilrettelegging til heildagsprøvar og eksamen
Karriererettleiing
På Sandsli vgs. jobbar vi for å ruste og førebu elevane på overgangar og framtidige karriereval.